Kva for ansvar har vi når vi ferdast i skredterreng? Kva for ansvar har dei som skal redde oss når ulukka er ute? Kva ansvar sit dei på, dei som fortell korleis tilstanden i fjellet er, akkurat no?
Ansvar finn du i alle lag som ferdast i snø. I kameratgjengen er det nokon som både tar og får meir ansvar. Det er nokon som fråskriver seg ansvar. Og vi som ei gruppe kan oppleve pulverisering av akkurat dette. Temaet vil bli knytt opp til forsking, erfaring og korleis vi kan bli meir bevisste på greinar av ansvar i fjellet.
For dei som vil bidra i skredkonferansen med innhald, kan du lese call for papers her
Om arbeidet til programkomitéen
Før kvar konferanse har programkomiteen valt ut tema som får hovudfokus gjennom konferansen.
Programkomitéen har hatt som mål å favne over både forsking og profesjonelle betraktningar rundt skred såvel som meir grunnleggande skredkunnskap og folkeopplysning. Det er eit mål å ha eit inkluderande fellesskap av deltakarar og programinnslag. Det er viktig å nå ut til alle som rammast av skredproblematikk: Frå den som går toppturar, skiguidar, frivillige lag og organisasjonar, reiselivet/skituristar, brukarar av snøskuter, ingeniørar og til folk som arbeider med infrastruktur, og andre.
I 2023 består programkomitéen av sju forskjellige organisasjonar, som saman har forankra temaet i konferansen i kva ansvar betyr for desse organisasjonane. Dei sju er i år:
Røde Kors
NGI
DNT
CARE
Nortind
Norskred
Fri Flyt (teknisk arrangør).