Lørdag 11:40
I forskingsprosjektet GEOSFAIR (2021-2024) gjorde Statens vegvesen sist vinter eit forsøk på systematisk kartlegging av snøoverflata i to skredløp over riksveg 15 over Strynefjellet. Dette resulterte mellom anna i 22 målekampanjar med laserskanning frå drone, frå januar til mars 2023. Ei drone flaug over skredløpa og samla inn informasjon om snøoverflata fleire dagar etter kvarandre.
Data som vart samla inn, vart brukt til å lage digitale terrengmodellar som igjen blei brukt til å publisere oppdaterte kart som viste utvikling i snøoverflatestrukturar, snøhøgde, endringar frå dag til dag og utvikling i overflatehelling. I innlegget vil vi vise kva vi kom fram til.
Prosjektet GEOSFAIR er støtta av Norges forskningsråd og blir gjennomført av Statens vegvesen i samarbeid med SINTEF og Norges geotekniske institutt.
Om foredragsholdere / opphavsfolk
Tore Humstad er sivilingeniør i tekniske geofag, skredvarslar og fagansvarleg for skredovervaking og -varsling i Statens vegvesen. Han er leiar for prosjektet GEOSFAIR som skal utvikle bruken av droner til vurdering av skredfare i vegsektoren.
Medforfattarar er Emil Solbakken og Halgeir Dahle. Dei har same fagbakgrunn og arbeidsgjevar. Dei er i tillegg erfarne dronepilotar og har stått i bresjen for datafangsten som blir presentert i innlegget.
Tore og Halgeir jobbar ved Statens vegvesen i Molde, mens Emil held til i Bergen.