Søndag 10:00
Vinteren 2023 omkom 8 personar i snøskred her i landet. 5 av desse omkom i tre forskjellege hendingar i løpet av nokre timar i Troms den 31. mars 2023. Denne dagen var det varsla faregrad 4 i Troms. Men det var også dødsulykker i sør Norge i periodar med lite snø og låge faregradar. Dei siste 15 åra har det vore dødsulykker i forbindelse med snøskred kvart år, antalet døde varierar frå 2 til 13, medan det er mindre endringar i antal skredtekne.
Klarar me å sjå nokon grunn til desse forskjellane? Me går igjennom tilhøva rundt ulykkene og samanliknar vinteren 2022/23 med dei siste åra. Er det likheitstrekk me kan lære noko av. Finst det positive endringar i det heile teke i denne statistikken?
Om foredragsholdere / opphavsfolk
Tindevegledar og snøskredvarslar i NVE. Arbeidar mest med opplæring og oppføging av NVE og SVV sitt observatørkorps. Har også ansvar for snøskredskulen på varsom.no og bistår med å halde oversikt over snøskredulykker.